Takk Hanne!
Tidlegare i desember samla vi styre, administrasjon, kunstnarleg leiing og gamle vener for å takke av Hanne Bergljot Oftedal som styreleiar i Gloppen Musikkfest. Alt før sommaren tok Per Idar Almås til som ny styreleiar.
Det er 20 år sidan Hanne tok kontakt med Are Frode Søholt og spurde om å få være med å lage festival. Han hadde starta Gloppen Musikkfest nokre få år før, og Hanne var begeistra! Sidan den gong har ho lagt ned eit enormt arbeid for å skape unike opplevingar av høg kunstnarleg kvalitet i Gloppen og omegn, samstundes som ho heile tida har tenkt større og breiare med omsyn til å styrke lokalt fagmiljø, løfte fram dei unge - og å rett og slett bygge samfunn og fellesskap! Ho var dagleg leiar i fleire år før ho vart styreleiar. Vi er uendeleg takksame for det Hanne har vore for GMF, publikum og musikarar. No vil vi nok ikkje vente for lenge før vi freistar å rekruttere henne som frivilleg!
Vår nye styreleiar Per Idar Almås har tidlegare vore dagleg leiar i Gloppen Musikkfest, og har dei siste to åra vore styremedlem. Han har og erfaring frå mellom anna Festspillene i Bergen og Førdefestivalen. Han jobbar i dag i Vestland fylkeskommune og bur på Sandane. Når han har fri driv han barnefestivalen Ein ørliten ein.
Det vert anleis for oss utan Hanne i kvardagen, men avtrykket etter ho forsvinn ikkje på noko vis. Dessutan må vi nok ringe og spørre innimellom nokre år framover lell.
