Unni Løvlid

Unni Løvlid er folkemusikar, samtidsmusikar, komponist, akademikar og ein røynd pedagog. Ho vaks opp i Hornindal og interessa for folkesong fekk ho frå mor si, Oline Ragnhild Løvlid, som har samla inn mykje vokal tradisjonsmusikk i Nordfjord. Ho gjekk tre år på musikklinja på Firda vidaregåande skule frå 1992 til 1995, før ho held fram musikkutdanninga på Toneheim folkehøyskole og sidan på Norges musikkhøgskole, kor ho tok hovudfag i musikk og sidan har blitt tilsett som førsteamanuensis og etter kvart blitt leiar av folkemusikkutdanninga same staden.

I 2006 blei Unni som den fyrste nokon sinne, kåra til årets folkemusikar under utdelinga av Folkelarmprisen. Ho har spelt inn ei rekke med CD-album - m.a. Draumkvedet saman med Grex vocalis og KORK, som dei fekk spelemannsprisen for i 2006, ein rad soloplater og i 2022 fekk ho, Anne Hytta og Ingfrid Breie Nyhus Spellemannprisen i klassen samtid for albumet Unamna. Ho fekk Gammleng-prisen i klassen folkemusikk i 2007 og i 2015 vann ho Landskappleiken i vokal klasse A.

Unni er ein av tre kunstnarlege leiarar for årets festival.

Ida Klokk-Bryhn

Ida og bratsjen hennar var med på den første Gloppen musikkfest i 2003, og har gjesta festivalen jamnleg sidan det. No er ho ein av to kunstneriske leiarar. Ho er solobratsjist i Det Norske Kammerorkester, og underviser på Norges Musikkhøgskole og Barratt Due.


Foto: Bård Gundersen

Audun Sandvik

Auduns inderlege spel og leikne framferd gjer han til ein ettertrakta solist, kammermusikar, orkestermusikar og cellopedagog. Audun spelar i Det norske Kammerorkester, er professor i Tromsø og ein av våre kunstneriske leiarar.



Liv Hilde Klokk-Bryhn

Som fiolinist er ho fast medlem i Oslo Strykekvartett, er ein av grunnleggarane av Oslo Quartet Serie og spelarr også i Det Norske Kammerorkester. Som pedagog er ho alltid opptatt av den historiske og politiske konteksten musikken er skriven i.

Foto: Andrej Grilic


Hekate

Hekate er ein nyetablert vokaltrio som utelukkande syng musikk ein kan danse til. Alle tre har utmerka seg som soloartistar på den norske musikkscena, og no har dei slått seg saman for å gi publikum det dei endå ikkje veit at dei vil ha - ein time med kompromisslaus kveding i klubbsetting. Repertoaret består av slåttemusikk frå heile landet, framført vokalt og med improvisasjon som eit av hovudelementa. Målet er at publikum ikkje har sjans til å stå stille når dei sett i gang.

Dei tre stemmene i trioen er både ulike og like, og dette bidreg til å skape eit dynamisk lydbilete med eit breitt spekter av klang. Dei hadde sin debutkonsert på Tuvas Blodklubb på
Riksscenen, og skapte der eit rom med dans, lytting og begeistring for slåttemusikken. Sidan
då har dei vore eit heitt samtaletema i folkemusikkmiljøet i Noreg, og vann open klasse med under Landskappleiken på Gol i år. Trioen spelte på Lindmo på NRK, den 08.03.24.

Malin Alander
Synnøve Brøndbo Plassen
Silje Risdal Liahagen

Bergen pianotrio

… vart starta i 2022 av tre unge musikarar med base i vest. Alle har tidlegare vore deltakarar på Gloppen Musikkfest sitt årlege program for unge klassiske utøvarar, Startgropa. Då er det ekstra stas å ha dei som en del av festivalprogrammet i år.

Sunniva Monstad, fiolin
Vilde Alme, cello (vikar for Åshild Brunvoll)
Edel Bolstad, klaver

Startgropa

Startgropa er eit kammermusikkseminar for klassiske musikarar i etableringsfasen, i regi av Gloppen Musikkfest. Deltakarane får instruksjon og tilbakemelding frå nokre av Norges beste kammermusikarar, og høve til å spele saman med dei. Seminaret finn stad i Breim i Gloppen, og består av eit par dagar med innøving, før ein spelar konsertar/drar på turné i Vestland fylke med Bergen som siste stopp. Våre to kunstnarlege leiarar Audun Sandvik og Ida Klokk-Bryhn er mentorer og samspelarar. 

Kvart år inviterer vi årets deltakarar attende til Gloppen festivalveka.


Distriktsmusikarane i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane har tre distriktsmusikargrupper med til saman 20 musikarar, og dei representerer eit stort musikalsk mangfald og er viktige for regionen - og for oss! Gruppene er knytte til kvar sin kulturskule – i Gloppen, Sunnfjord og Sogn.

Distriktsmusikarane er: 
Sunnfjord - Henri Eftevand, fiolin, Julia Gåsvær, trompet, Christine Marøy, song, Ole Nilssen, trekkspel, Ingrid Schei Stuhaug, hardingfele, Noemi Utasi, piano, Jacob Wyrtz, gitar, Helga Wyrtz, fløyte
Sogn - Bjørn Gisle Seter, song, Akiko Anazawa, piano, Leif Aslaksrud, basstrombone, Marin Stallemo Bakke, fele/hardingfele, Hans Holgersson, cello
Lærdal - Tom Karlsrud, trekkspel 
Gloppen - Thomas Aanonlie, slagverk, Tone Støylen Holgersson, piano, Otto Ose, fiolin, elbass, Ann-Margrit Silfverhielm, song, Henrik Silfverhielm, cello

Foto: Magnus Skrede


Folkemusikk-studentane ved Norges musikkhøgskole

Heile tolv av Unni sine studentar ved NMH blir med til Gloppen. Dette er vinn-vinn av beste sort. Studentane får mellom anna verte kjende med viktige lokale kjelder - medan vi, publikum og folkemusikkmiljøet får nytte godt av kompetansen deira.