Ein trio sett saman av Tora Augestad (song), Mathias Eick (trompet) og Torbjørn Dyrud (piano) kjem til Gloppen folkebibliotek tysdag 15. oktober kl. 19:00.

Med seg har dei det kritikarroste albumet "I et landskap" som kom ut i vår.

Her har dei tonesett norsk poesi, med eit spenn på nesten 200 år. Det er dikt av mellom anna Jon Fosse, Henrik Wergeland og Inger Hagerup dei har komponert ny musikk til.

Publikum kan vente seg ein nær og vakker konsert mellom bokhyllene.

Meld deg på nyhetsbrevet vårt!

* indicates required

Intuit Mailchimp