


Melodiens vandring
Melodiane vandrar som menneska - slik La follia har vandra sidan 1600-talet.
Pachelbel: Canon
Vivaldi: La Follia
Johan Halvorsen/Händel: Passacaglia, Sarabande
Bach: Chaconne
Phillip Glass: Mishima
med festivalmusikarane.

Vandrande himmel
Vestnorsk musikk skapt i samtida med djupe røter - no i dialog med austeuropeiske dansar.
Magnar Åm: Vandrande Himmel
Béla Bartók.: Rumenske danser
Unni Løvlid: Ekvivaje
- med festivalmusikarane.

Forvandla natt
)00 år gamal musikk kling gjennom dei unge, og natta vert forvandla.
Hildegard von Bingen: Instrumental piece I & Instrumental lament
Fanny Hensel Mendelssohn: Strykekvartett Ess-dur
Arnold Schönberg: Verklärte Nacht
med festivalmusikarane.

Startgropa 2025 - Bergen
Unge profesjonelle musikarar i samspel med sine mentorer - dei to erfarne kammermusikarane Ida Klokk-Bryhn - bratsj og Audun Sandvik – cello.
Dei skal no på ein liten turné med eit spennande og mangfaldig repeortoar, og dei avsluttar i Bergen by!

Startgropa 2025 - Lærdal
Unge profesjonelle musikarar i samspel med sine mentorer - dei to erfarne kammermusikarane Ida Klokk-Bryhn - bratsj og Audun Sandvik – cello.
Dei skal no på ein liten turné med eit spennande og mangfaldig repeortoar, og dei startar i Gloppen.

Startgropa 2025 - GLOPPEN
Unge profesjonelle musikarar i samspel med sine mentorer - dei to erfarne kammermusikarane Ida Klokk-Bryhn - bratsj og Audun Sandvik – cello.
Dei skal no på ein liten turné med eit spennande og mangfaldig repeortoar, og dei startar i Gloppen.

Bergen Filharmoniske Ungdomsorkester spelar Skjebnesymfonien!
BFUng spelar Skjebnesymfonien – med meir!
Energiske Jan Willem de Vriend dirigerer BFUng for fyrste gong i et program som opnar med ei sprudlende italiensk operaouverture, går over i virtuost kontrabass-spel og endar med Ludwig van Beethoven sin symboltunge symfoni.
Jan Willem de Vriend og BFUng lar skarptromma slå an tonen for kveldens konsert, med Rossinis sprudlande og eviggrøne ouverture til operaen Den tyvaktige skjære.
Giovanni Bottesini var på 1800-tallet verdaskjent som kontrabassens Paganini. Han spelte fyrst fiolin og pauke, men skifta seinare til kontrabass. Han turnerte verda rundt og spelte ei sentral rolle i å få anerkjenning for kontrabassen som eit soloinstrument. Sjølv komponerte han virtuose verk for instrumentet, og hans konsert nr. 2 fra 1845 er ein av de meste spelte. I konserten vert heile kontrabassens register nytta for å demonstrere solistens virtuositet.
Dei fyrste, mektige og symboltunge tonane i Beethovens femte symfoni er truleg det mest kjente og gjenkjennbare motivet i den klassiske musikken. Desse tonane, ofte tolka som lyden av at skjebnen bankar på døra, har kanskje blitt gjenstand for flere fortolkninger enn nokon andre. Vi kan sjå fram til ei frisk, energisk og ungdommeleg tolking leia av Jan Willem de Vriend.

Førsnakk i Gloppen folkebliotek
Førsnakk i Gloppen folkebliotek: kl. 18.00: Introduksjon av programmet ved Rasmus Reed - i forkant av Bergen Filharmoniske Ungdomsorkester sin konsert.

I et landskap: Augestad / Dyrud / Eick
Ein trio sett saman av Tora Augestad (song), Mathias Eick (trompet) og Torbjørn Dyrud (piano) kjem til Gloppen folkebibliotek tysdag 15. oktober kl. 19:00.
Med seg har dei det kritikarroste albumet "I et landskap" som kom ut i vår.
Her har dei tonesett norsk poesi, med eit spenn på nesten 200 år. Det er dikt av mellom anna Jon Fosse, Henrik Wergeland og Inger Hagerup dei har komponert ny musikk til.
Publikum kan vente seg ein nær og vakker konsert mellom bokhyllene.

Festivaljam på Gloppen Hotell
Festivalmusikarar i fri utfoldelse. Vi veit ikkje korleis det blir, men vi vet at det blir moro!

Kyrkjekonsert - i Vereide kyrkje
Velkommen til vakker kyrkjekonsert i Vereide kyrkje!
Helga Lied Wyrtz: fløyte
Unni Løvlid: Vokal
Stryketrio:
Liv Hilde Klokk Bryhn: fiolin
Ida Klokk Bryhn: bratsj
Audun Sandvik: cello
PROGRAM:
W.A. Mozart: Fløytekvartett i C-dur
J. S. Bach: Goldbergvariasjonane - for styrketrio og vokal

Afternoon tea på Gloppen Hotell
Til denne utgåva av Afternoon Tea kjem musikarar frå Gloppen Musikkfest. Vi møtast i loungen for ein minikonsert som vil sette den gode stemninga.
I våre historiske lokaler kan du oppleve den erkebritiske tradisjonen som strekker seg heilt tilbake til 1800-talet. Her hos oss er alt heimelaga med lokale råvarer. Ta med dine venninner eller familie til Gloppen Hotell, vi serverer elegante etasjefat med våre delikate favorittsandwicher og nybakte scones. Nyt vår heimelaga syltetøy og små lekre desserter.
Kr. 575,- per person inkl. minikonsert, te og etasjefat.
Afternoon tea serverast dessverre ikkje som laktosefritt eller vegansk. Ta kontakt om du treng alternativ.
Begrensa plasser!
Bestill plass via billettlenka eller kontakt oss på telefon 57865333 eller e-post: post@gloppenhotell.no
Velkomne!


Festkonsert, i Trivselshagen
Velkommen til Festkonsert i kultursalen! På scena er alle Distriktsmusikarane i Sogn og Fjordane, festivalmusikarane våre unge talent frå Firda vgs og kulturskulane, startgroparar og studentar frå NMH.
Ramma for konserten er Heinrich Ignaz Franz Biber sin "Battalia", men inni og mellom satsene kjem det eit mangfald av anna musikk.
I forkant av konserten vert det ein samtale om demokratibygging og kulturens plass. Sjå eige arrangement.

Samtalen - om demokrati og kulturens kraft, i Gloppen folkebibliotek
I forkant av kveldens konsert i kultursalen inviterer vi til samtale i biblioteket.
Samtalen spinner om Biber, om tida han levde, om å bygge demokrati og sin kulturens plass..
Rasmus Reed - musikkviter, Elisabeth Sundt - historikar. Lektor sine Gade leiar samtalen

Lunsjkonsert - på Frydenbø bil, Sandane
Velkommen til lunsjkonsert med folkemusikkstudentane frå NMH hjå vår hovudsponsor Frydenbø bil, Sandane. Konserten er gratis og open for alle!

Opningskveld - i Trivselshagen
Velkommen til festivalens opningskveld!
Vi inviterer til tredelt oppleving:
Kvelden startar 18.30 med mottaking og musikk i foajéen i Trivselshagen etterfulgt av konsert i kultursalen før vi igjen møtast i foajeen til mat og meir musikk.
PROGRAM for konserten:
Serenade i D-dur, Op. 8 av L.v. Beethoven for stryketrio
Liv Hilde Klokk Bryhn: fiolin
Ida Klokk Bryhn: bratsj
Audun Sandvik: cello
HEKATE - med song ein kan både lytte og danse til
Malin Alander
Synnøve Brøndbo Plassen
Silje Risdal Liahagen
Etter konserten blir mingling og meir musikk med fesivalmusikarane, startgroparar, NMH-studentar og fleire - i foajéen!

Firda-elevane sin konsert - i Aulaen på Firda vgs.
Velkommen til konsert i Aulaen på Firda med elevar frå Firda vgs!
Variert konsert som den perfekte oppladninga til Opningskveld.
Gratis for alle.

Lunsjkonsert med Bergen pianotrio i Sandane kyrkje
Velkommen til GRATIS konsert i Sandane kyrkje med Bergen pianotrio!
Her vil du få høyre klavertrio i H-Dur, Op. 8 av Johannes Brahms.
Medverkande:
Sunniva Monstad, fiolin
Vilde Alme, cello
Edel Bolstad, klaver

Salmekonsert - i Gloppen folkebibliotek
Velkommen til ein intim konsert der salmane våre skal få all plass - fremført på svært ulikt vis!
Malin Alander og Synnøve Brøndbo Plassen har dei religiøse folketonane som utgongspunkt for sine improvisasjoner og samsang. Austrheim mannskor har meir tradisjonelle arrangement som dei framfører under sin dirigent Dorothee Raschwitz.
I førekant av konserten vert det ein samtale om salmane, og kva dei kan betyr for oss - enten vi er kyrkjegjengarar eller ikke. Sjå eige arrangement.

Samtalen - om salmane, i Gloppen Folkebibliotek
Vekommen til samtale i biblioteket - om salmane. Kva betyr dei for oss? Og korleis nyttar vi dei?
I forkant av kveldens konsert vert det ein samtale der festivalmusikarane og folkesongarane Unni løvlid, Malin Alander og SYnnøve Brøndbo Plassen deltek saman med kantor Dorothee Raschwitz. Samtalen vert leia av Hanne Oftedal

Konsertforedrag, Senioruniversitetet - i Trivselshagen
Ein time med Unni, folkesongaren frå Hornindal som no leier folkemusikkstudiet ved Norges Musikkhøgskole.
Å oppdage at det som er nært, kan være den største ressursen.
Unni Løvlid er folkemusikar, samtidsmusikar, komponist, akademikar og ein røynd pedagog. Ho vaks opp i Hornindal og interessa for folkesong fekk ho frå mor si, Oline Ragnhild Løvlid, som har samla inn mykje vokal tradisjonsmusikk i Nordfjord. Ho gjekk tre år på musikklinja på Firda vidaregående skule frå 1992 til 1995, før ho held fram musikkutdanninga på Toneheim folkehøyskole og sidan på Norges musikkhøgskole, kor ho tok hovudfag i musikk og sidan har blitt tilsett som førsteamanuensis og etter kvart blitt leiar av folkemusikkutdanninga same staden. I 2006 blei Unni som den fyrste nokon sinne, kåra til årets folkemusikar under utdelingen av Folkelarmprisen. Ho har spelt inn ein rekke med CD-album - m.a. Draumkvedet saman med Grex vocalis og KORK, som dei fekk spelemannsprisen for i 2006, ein rad soloplater og i 2022 fekk ho, Anne Hytta og Ingfrid Breie Nyhus Spellemannprisen i klassen samtid for albumet Unamna. Ho fekk Gammleng-prisen i klassen folkemusikk i 2007 og i 2015 vann ho Landskappleiken i vokal klasse A.
Unni har spelt og sunge med artistar frå store delar av verda og har ein imponerande liste over sjangre og uttrykk ho har gjort til sitt.
Ho har gjesta Gloppen Musikkfest ein rekkje gongar både som komponist og musikar. I 2024 og 2025 er ho gjestekurator og får sette sitt preg på festivalprogrammet.
4. september kan du møte henne på senioruniversitet i Gloppen i kinosalen. Dette er eit samarbeid mellom Gloppen musikkfest og Senioruniversitetet i Gloppen.

Opa øving og konsert med Gloppen demenskor, på Gloppen omsorgssenter
Velkommen til GRATIS konsert og opa øving på Gloppen omsorgssenter med Gloppen demenskor og musikarar frå Gloppen Musikkfest!
Her vil du få høyre koret, innslag frå stryketrio, folkemusikarar og startgroparane! Og kan hende får du vere med å synge litt også? Møt opp og finn det ut!
Medverkande:
Gloppen demenskor
Audun Sandvik, cello
Liv Hilde Klokk-Bryhn, fiolin
Ida Klokk-Bryhn, bratsj
Startgroparar
Folkemusikkstudentar frå NMH

Klassisk nachspiel
Alle festivalmusikarane i musikalsk frislepp - kanskje med litt lokalt krydder!
Den perfekte avslutninga på festivalen i foajéen i Trivselshagen.

Glede - festkonsert
Dette blir verkeleg ein variert festkveld, krona med Gloppen Salongorkester i fri flyt til slutt!

Familiekonsert - Strålar frå ei raud sol
I samarbeid med Gloppen Folkebibliotek inviterer vi også i år til familiekonsert i biblioteket i Trivselshagen!
Trio Vest med saxofonist Roger Andreas Holme, klarinettist Marita Elise Holme - begge frå Gloppen - og slagverkar Mathias Matland jobbar for å løfte fram norsk musikk som er skriven til instrumenta deira. Dei kjem til musikkfesten med ein konsert som vil glede både dei minste - og dei litt større.
Konserten er gratis og open for alle!
Landsbykonsert - Vaskehallen, Firda Billag
På scena i vaskehallen kjem elevar og lærarar frå Gloppen kulturskule og Firda vidaregåande skule, festivalmusikarar og lokale overraskingar.
Konserten er gratis og open for alle!

Nær - kyrkjekonsert
Ein nær konsert i vakre Vereide kyrkje med festivalmusikarane og Nordic Voices.
Vi får mellom anna høyre reframføringa av tingingsverket frå 2012 - Mi sjel er ei eolsharpe av Kjell Habbestad.

Lunsjkonsert IV - Frydenbø bilsenter, Kleivedammen
Frydenbø-konserten avsluttar rekka med lunsjkonsertar frå dei fantastike distriktsmusikarane! Til denne konserten har dei også med seg eit bestillingsverk av Craig Farr!



Lunsjkonsert III - Vaskehallen, Firda Billag
Distriktsmusikarane i Sogn og Fjordane held gratis lunsjkonsertar gjennom heile festivalveka.

Satellittkonsert - Breim
På denne konserten får du høyre elevar frå Gloppen kulturskule og festivalmusikarar frå Gloppen Musikkfest 2023 - både kvar for seg og i lag.