Det Norske Kammerorkester og Erlend Apneseth
Opning av Gloppen Musikkfest 2021
Kultursalen, Trivselshagen.
Eit vakkert møte mellom Det Norske Kammerorkester og solist Erlend Apneseth. Vi får høyre kjende verk frå den klassiske musikkhistoria og urframføring av Apneseth sitt verk for seg og Det Norske Kammerorkester.
Repertoar:
Johann Sebastian Bach: Brandenburgerkonsert nr 3
Erlend Apneseth/Ørjan Matre: “ Kildeskrift” Urframføring bestillingsverk!
Antonin Dvorak Serenade for strykere i E-dur, opus 22
Jølstringen Erlend Apneseth er mest kjend som hardingfelespelar, men han skriv også musikk og har komponert eit bestillingsverk til Gloppen Musikkfest sin opningskonsert. Det er første gong Apneseth skal skrive for eit så stort ensemble som Det Norske Kammerorkester, og med seg i prosessen har han hatt den røynde komponisten Ørjan Matre.
Erlend er godt kjend for oss - heilt frå tida han gjekk på musikklinja på Firda, via solo- og ensembleframsyningar i Gloppen og solistoppdrag med Bergen Filharmoniske Orkester under festivalen i 2013.
Ellers rommer åpningskonserten storverk fra både barokken og romantikken for kammerorkester: Johann Sebastian Bachs kjende Brandenburgerkonsert nr 3 frå 1719 og Antonin Dvoraks Serenade frå 1875.
___
Vaksne: 350,–
Born*: 50,–
* Alle konsertar er gratis for born under 10 år